Kjell Skogvold rundar 70 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Sep 2018

arkivfoto
Som gutar flest i Velledalen sysla Kjell med litt skisport i unge år,
utan å drive det langt. Men det er ikkje som aktiv idrettsmann han har sett mest
spor etter seg i Velledalen IL, om vi ser vekk frå ein imponerande statistikk i
Konradløpet, der han står med 16 av 17 moglege.
 Der er han mellom «toppane». Og siste tida har han vore observert i
fint driv både mot Brunstad- og Vellesætra, så kanskje…… vil han med tida gå
Konrad Brunstad ein høg gang. Konrad hadde ikkje byrja trene når han var på Kjell
sin alder. Hugs det!

Fyrste gongen vi finn
Kjell Skogvold med verv i Velledalen IL er i 1978. Under årsmøtet dette året
vart han valt inn i alpingruppa. Og nettopp i denne gruppa – som i dag ikkje
eksisterer – har både Kjell og borna hans sett spor etter seg. Alt året etter,
i 1979, vart Kjell Arild KM-vinnar i alpint. På denne tida hadde VIL ei «spenstig»
alpingruppe, både på utøvarsida og på det administrative planet. Med familien
Skogvold i Brunstadvegen 131 som viktige brikker.

Kjell Skogvold har elles
gjennom firmaet, Hole Maskiner AS, vore nyttig på sponsorsida for Velledalen IL.
Minst to gonger har firmaet hatt sponsormerke på VIL sine klubbjakker.

Velledalen IL gratulerer
Kjell Olav Skogvold med 70 års dagen – her er det berre å stå på vidare!