Maratonreferat frå Njål
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Sep 2018
Forrige
veke lærte eg to ting. Ein kan tape enorme summar på å kjøpe og selge straum.
Og ein kan forbetre si eiga personlege bestenotering på maraton med å trene ein
god del færre timar. Førstnevnte får nok mest betydning for kommunebudsjettet i
Grimstad, og sistnevnte fekk mykje å seie for meg under Oslo Maraton laurdag
15.09.
Før start
var eg veldig usikker på korleis dette skulle gå. Eg har, som den
analytiske lesar sikkert har skjønt, trent betydeleg færre timar i 2018
samanlikna med 2017. Men intensiteten (og smerta) på enkelte treningsturar har
vore ein del høgare i 2018 samanlikna med 2017. Spørsmålet var korleis dette
ville slå ut på ein joggetur på 42.2 km. Planen før start var difor å følge
fartshaldaren for 3 timar på maraton. Eg tenkte at 3 timar på ein maraton kunne
vere ei tid eg kunne vere nøgd, og eg ville mest truleg sleppe eksklusjon frå
Velledalen IL.
Startskotet
gjekk og det var for seint å angre. Ganske tidleg i løpet var det ein del styr
rundt fartsholdaren for 3 timar. Mange løparar, det gjekk litt sakte osv. Så då
var det berre å prøve seg fram og springe sjølv. Og det gjekk i grunn nokså
bra. Første runda (naturleg nok like langt som ein halvmaraton) gjekk
ufornuftig nok unna på 1.24.16. Det var difor lett å skjønne at 2. runde kom
til å bli slitsomt. Og eg fekk rett. Frå Skøyen til mål (ca 12 km) var det
ikkje so mykje fornuftig som skjedde utover å sette ein foten føre den andre i
eit brukbart tempo. Inne ved Akershus Festning stussa eg over cruiseskipet som
låg til kai heiter Merverdiavgifta. Eit google-søk på søndag avslørte at båten
heiter Meraviglia. Sidan synet og leseferdigheitene vanlegvis er på eit
tilfredstillande nivå, var eg tydeligvis veldig sliten før siste 5 km til mål.
Heldigvis
klarte eg komme meg til mål utan for mange nye litterære opplevingar på tida
2.50.39. Andre halvmaraton gjekk difor på 1.26.13, dessverre litt for
treigt til å komme under 2.50. Likevel må ein vel seie seg nøgd med ei
forbetring på ca 6 min frå 2017. Ein har tross alt blitt eitt år eldre og
tydeligvis fått enno mindre sjølvinnsikt.
Njål Torillson Tyssing
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024