The Coming Man- Vegard Tandstad har gjort comeback
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Sep 2018
arkivfoto
Det er tre alternative løyper
med namn etter toppunkta sine moh.;
den
mest kjende 1851 OppNed Torvløysa på (24,4 km.)
805
OppNed Daurmålsfjellet (14 km.)
570
OppNed Rellingsetra (8,4 km.)
Vegard tok sats og landa på
alternativet med 805 høgdemeter – først opp og så ned, med 7 kilometer kvar veg
og start/målgong heilt nede ved fjorden.
Når resultata etter eit par
dagar endeleg kom ut på nettet fekk vi sjå ei rekordjamn klasse med imponerande
tider, og ein råsterk prestasjon av VIL-utøvaren.
Menn 16-39 år:
1
Knut Elias
Dalhus
Norddal
IL
01:36:53
2
Thommy
Holmvåg
-
01:37:36
3
Frithjof Storås Austigard Aalesunds Skiklub 01:37:36
4
Vegard
Tandstad
Velledalen IL
01:37:44
5
Lesniak
Slawomir
-
01:57:55
49 sekund skilte første og
fjerdeplassen!
Vegard var godt nøgd med
tidsbruken og sa følgande om sitt løp, der han enda som nr. 6 av 11
fullførande:
«Det vart tungt i motbakkane
etter ein optimistisk start, men det gjekk tydelegvis raskare enn det virka
som. Returen var våt og sleip, så eg hadde eit lite fall tidleg og tok det litt
meir med ro deretter. Eg hadde bra tempo nedatt og tok innpå dei føre meg.»
Han trekte fram mange
drikkestasjonar og bra med mannskap som spesielt positivt med arrangementet, i
tillegg til den spreke guten Sindre Fylling i klasse 13-15 år som vann distansa
på 01:22:24.
Vegard er ikkje framand for
deltaking også neste år. Godt jobba!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024