75-åring plassert i klasse 40+ i Norddal
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Sep 2018
arkivfoto
Eit av dei siste tilskota
på løpsfronten heiter 1851 OppNed Norddal. Med tre ulike løypelengder.
Velledalen IL sin Olaf Einar Øien (75) hadde meldt seg på det mellomste
alternativet, med drygt 800 høgdemeter opp, og like mange ned igjen til mål.
Men arrangøren hadde ikkje
klasse til Olaf. Han vart plassert i klasse 40 +, saman med fire andre.
Andreas
Bringsvor, Sandsøy IL, vann klassa på 1.38.14. Olaf vart nummer fem på 3.26.54.
Tidene dokumenterer at det er skilnad mellom 40-åringar og 75-åringar.
Og det skulle berre mangle.
Men slik skal ikkje aldrande løparar
handsamast – og ein kan undre seg over at i andre enden av skalaen opererte
arrangøren med «gutar 13-15 år». Her var plutseleg aldersintervalla ørsmå.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024