Velledalen IL på tokt i Vesterålen

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Sep 2018

arkivfoto
Sist helg var det KM for Troms krets med Sortland OL og Stokmarknes OL
som arrangørar. Langdistanse på laurdag og sprint sundag gjekk inn i Vesterålen
2-dagars.

Resultata finn ein på
Eventor, og der kan lesast at brørne Olav og Knut Klokk har delteke i
eiga-komponert løype, kort distanse. Bak namna til begge to står det Velledalen
IL. Slikt blir vi sjølvsagt stolte av!

Far Tormod Klokk, deltok i
klasse H 17 C. Slik vart resultata der:

1. Tormod Klokk,
Velledalen IL, 21.30

2. Kim A. Thomassen, Bjerkvik
IF, 21. 51

3. Bernt Tollefsen, IL
GeoForm, 36.23

Vi har studert
strekk-tidene som vitnar om ein jamn duell heile vegen. Tormod hadde på det
meste ei leiing på knappe to minutt (1.48). Det var på post ti. Men denne Kim
frå Bjerkvik vann dei tre siste strekka slik at avstanden i mål vart på 21
sekund i Tormod sin favør.

Det er som ein gamal
fotballspelar på VRF sa: « Det gjeld å sette seg i respekt i fyrste tacklinga».
Og no har Tormod sett seg i respekt i fyrste løpet – bra!

Flotte VIL-representantar
i nord – og vi har enno ikkje spelt ut eit av våre sterkaste kort – mor Janne.
Stå på!