Feira bursdag med Torvikbukt 6 Topper
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Sep 2018
Det tok Alf Petter ganske
nøyaktig ein halv arbeidsdag å gjennomføre det steinharde løpet i Torvikbukt i
Gjemnes kommune. Då han kryssa mållina las arrangøren av klokka til 3.45.45. Det
heldt til 19. plass totalt mellom konkurranse-utøvarane. Ingen av dei seks
toppane var over 1000 meter. Høgast var Reinsfjellet med sine drygt 900 meter.
Men at løpet er tøft treng
ingen tvile på, med 1900 høgdemeter over ei strekning på 21,8 kilometer. Alt i
alt samla løpet 370 deltakarar, men berre med 27 fullførande i konkurranse.
Gjermund Nordskar vann
herreklassa, medan svenske Johanna Åstrøm sette ny kvinnerekord med 2.57.48.
Vi gratulerer Alf Petter
med overstått 51 års dag – det er vel dette ein kan kalle heftig feiring av
dagen…?
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024