Flott innsats av Chris-Daniel i Molde!
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Sep 2018
I sterk kontrast til fine
85 deltakarar på Fjellsætra sist helg, møtte 26 utøvarar til KM langdistanse i
Molde sundag 9.september. Molde og Omegn IF hadde klart dei fleste deltakarane,
men Halsa IL, Emblem IL og Velledalen IL var også representerte.
Velledalen IL mobiliserte særs hardt sist helg.
Denne helga var einast Chris-Daniel Paulsen Eide i
aksjon. Han sprang 1630 meter i klasse H 11-12 N (for nybyrjarar). Han fann
alle postar, fekk godkjent løp og var nest best i klassa. Tida vart 32.44, som
gir ei km-tid på 20.04.
Flott innsats,
Chris-Daniel!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024