Tap for FK Sykkylven
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Sep 2018
Larsnes /Gursken tok eit langt steg mot trygg grunn med 3-1 siger over
FK Sykkylven. Bengt Hole Alnes reduserte på straffespark for FKS på stillinga
2-0 til heimelaget etter ein situasjon som også gav raudt kort til Larsnes/Gursken.
Men i staden for utlikning auka
heimelaget med ti mann til 3-1. Men trøysta får vere at dei andre botnlaga
(Godøy, Hareid og Valder) tapte alle, så situasjonen er ikkje mykje forverra
for sykkylvslaget. Dei to neste kampane er mot Emblem (heime) og Rollon
(borte). To kampar som normalt vil gi lite poeng.
Men så kjem tre viktige
kampar på rekkje og rad. Heimekamp mot Godøy (27.sept), bortekamp mot Hareid
(5. oktober) og heimekamp mot Valder (11.oktober)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024