Veteranmeisterskap: Utflytta velledaling stiller
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Sep 2018
Veteranmeisterskap i
orientering er svære greier. Det opnar med sprint i dag med 449 påmelde.
Laurdag står langdistanse på programmet med 513 påmelde, før det vert avslutta
med mellomdistanse sundag med 538 påmelde deltakarar. Arrangør er Kolbotn og
Skimt OL i samarbeid med Ås IL.
Velledalen IL er ikkje
representert i år, men vi håper å vere det i framtida, for her er det sosiale
like viktig som det sportslege. Ein treng ikkje springe så det luktar svidd i
skogen i slike løp.
Men heldigvis har vi ein utflytta
velledaling på startlista. Vedkomande står over sprinten, men Roger André
Vanebo spring langdistanse laurdag og mellomdistanse sundag. Han stiller i H
50, og representerer Kongsberg OL (o-lag). Klasse H 50 er relativ stor med 43
påmelde laurdag, og 40 sundag.
O-vener i Velledalen IL
ynskjer Roger ei lett reise mellom postane
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024