Kretssamling o-løp: Fantastisk opningsdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Sep 2018

Tyngda av utøvarane kom
frå Emblem IL og Velledalen IL. Men også langvegsfarande Kårvåg IL frå Nordmøre
var representerte. Det opna med samling på grusbana i Velledalen der kretsleiar
Henning Osnes Teigene orienterte om fyrste treningsøkt. Den gjekk føre seg med
liv og lyst etter «Dalemyra-kartet».

Etter treninga var det
lunch-samling i kjøkkensalen i Velledalen grendahus, før turen gjekk til
Fjellsætra. Her stod innlosjering i standsmessige bueiningar - og ny trening -
på programmet.

Klokka 19.00 laurdag kveld
samla o-løparane seg i Fjellsæterstova til middag med hjortegryte, o-bingo og
sosial prat kring borda. Vi tippar dei aller fleste gjekk tidleg til køys etter
ein hektisk dag.

I dag (2.sept) vert o-løpet
«Haustsprinten2018» høgdepunktet. Start frå Dravbløs-stølen mellom 12.00-14.00.
Mål vert ved Fjellsæterstova. Truleg vil løpet samle 60-70deltakarar. I tillegg
til tidlegare nemnde klubbar kjem det deltakarar frå Førde, Wing OK og Molde
til løpet.

   Publikum må gjerne kome i store
mengder. Fjellsæterstova held ope, med mellom anna sal av «o-suppe».