Ståle Eikrem 70 år – VIL gratulerer!

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Aug 2018

Ståle Eikrem har sitt
opphav frå «Morkabygda», på grensa mellom Ørsta og Volda. Familien Eikrem slo
seg ned i Straumgjerde, og som «postmann» visste alle i Velledalen kven Ståle
Eikrem var. Yrkesmessig fekk han med seg postverket si glanstid – då bilane
køyrde aviser og brev og heller lite reklame.

70 års jubilanten har
gjennom livet sitt i Sykkylven, lagt ned ein imponerande frivilleg innsats. I ei
rekkje lag og organisasjonar, over eit breitt spekter som spenner frå idrett
til politikk. Særleg for VRF har han lagt ned eit utal timar i hovudstyret.
Mange av desse åra som leiar av laget, og som dommar gjennom eit par tiår. I Velledalen
IL var han ein dugande hesteskokastar. Men det var før golfen tok han.

VIL-Nett skal ikkje gå inn
på den politiske karrieren, men nøye seg med å slå fast at den er både brei og
lang.

Ein lun gut, med eit lurt
smil, fyller 70!

Velledalen IL har sett
innsatsen din Ståle!

Vi sender deg eit fortent klapp
på skuldra og store gratulasjonar med dagen!

PS. Ståle Ekrem har Konradmedaljen i gull, og skal ved neste deltaking
ha 10 års premien