Stafettlag for minneboka
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2018
Vi veit ikkje nøyaktig årstalet for dette biletet, men det er ganske kort tid etter 2.verdskrig. Altså for kring 70 år sidan. Somme vil kanskje stusse over namnet Kristian Sørli. Han var romsdaling, men arbeidde i Velledalen på denne tida. Han var ekspert på motbakkar, skriv Oddmund Skylstad i sitt «sommarminne» som ligg lagra på VIL-nettsida under tittelen «Idrettsminne». Denne Kristian Sørli vart seinare fabrikk-eigar i Måndalen.
Elles vil dei øvrige vere kjende og kjære velledals-namn. Som vi ser er det velkledde karar. Men det var slik sundags-antrekket var på denne tida. Truleg skriv fotoet seg frå ein stafett i Langevåg. Diverre er alle åtte borte no, men minna etter dei lever
Frå høgre: Kjell C Brunstad, Oddmund Skylstad, Jon C Brunstad, Kristian Sørli, Ole L. Hole, Olav Fet, Arnold Weiberg-Aurdal og Arne Welle.
Takk til Kjetil Pål Brunstad som har kvalitetssikra namna til dei åtte.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024