Resultat Stranda Fjord Trail Race
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2018
Førehandsomtalen og
vervinga av løparar til Stranda Fjord Trail Race er i all hovudsak tufta på at
utøvarane ved deltaking vil få ei enorm naturoppleving. For andre år på rad slo
vêret feil. Løypa måtte endrast. Dei høgste toppane vart kutta ut. Løypa enda
opp med å bli lenger i kilometer, men færre høgdemeter skulle forserast.
Det høyrer med til soga at
vinnaren, Ola Hovdenakk frå Romsdal Randoneklubb, meinte utgåva i helga var
betre enn den opprinnelege.
Løpet er kommersielt med
Uteguiden som arrangør. Med brutale 1350 kroner i startkontingent for
hovudløpet, seier det seg sjølv at det ligg det mykje pengar i arrangementet,
med eit påmeldingstak på 300 utøvarar. Som vanleg under dårleg vêr vert svinnet
relativt stort. 179 utøvarar fullførte hovudløpet. Her er resultata:
MENN (126 fullførande):
1. Ola Hovdenakk, Romsdal
Randoneklubb, 3.56.07
2. Sebastian Krogvig,
Romsdal Randoneklubb, 3.59.09
3. Lars Åkernes Rimereit,
Eidsdal IL, 4.03.22
4. Askild Vatnbakk Larsen,
Bøler IF. 4.16.07
5. Kjell Magnar Berli,
Velledalen IL, 4.18.17 (med skade)
6. Martin Bruseth, Romsdal
Randoneklubb, 4.37.11
7. Adam Michalik, Polen,
4.43.31
8. Svein Glomnes 4.53.06
9. Erik Røkke, Sparebanken
Møre, 4.56.00
10. Harald Sundgot Borgen,
Holmenkollen skifestival, 4.56.05
DNF: Espen Strøm Grebstad
pga magetrøbbel
DNS: Jan Rakottyai
KVINNER (53 fullførande):
1. Johanna Åstrøm, Lucksta
IF, 4.37.42
2. Natalia Tomasiak, Polen,
4. 43.32
3. Sara-Rebekka Færø
Linde, Varegg, 4.45.41
4. Fanny Borgstrøm,
Sverige, 4.46.13.
Legg merke til nivået i
kvinneklassa, Blandar vi menn og kvinner i ei totalklasse var det fire kvinner
mellom dei elleve beste. Det er både sjeldan kost og oppsiktvekkjande. Denne gongen var det dei fem sterke
herrane på topp som berga mannfolka si ære. Plukkar vi vekk desse fem, var det
kvinnfolka som imponerte klart mest i Stranda Fjord Trail Race 2018!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024