Godt oppmøte på Myrdalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2018
Dei fleste starta turen
frå Lade, der det også var sal av bingo-lappar. Nokre la inn ein ekstra
kilometer med start frå Hole. Ved trimposten like ved sætreelva var det
drikkestasjon. Safta smaka godt før ein gav seg i kast med stigninga. Og truleg
fekk trimboka fleire noteringar enn nokon dag tidlegare dette året.
Vel framme på sætra kunne
trimgruppa by på sveler, kaker, grilla pølser, kaffi og saft. Og sjølv om regnet
heile tida truga, fekk vi òg eit godt gløtt av sola. Borna leika på sætrevollen,
praten gjekk mellom dei vaksne, før store og små gav seg på heimveg.
Eit kjekt arrangement med
god oppslutning som trimgruppa skal ha all ære av. Gi oss fleire slike!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024