Trimgruppa ynskjer velkomen til Myrdalen 19.aug
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Aug 2018
Det vert sal av
bingolappar ved fabrikken på Lade mellom klokka 13.00-14.00 melder trimgruppa.
Fyrste del av turen går på god traktorveg i relativt flatt lende. Kring
halvvegs – ved sætreelva – er det plassert ein saftstasjon. Hugs å skrive
namnet ditt på trimposten som ligg ved drikkestasjonen!
Etter saftstasjonen
startar stigninga. Etter kvart går ein over på sti der ein buktar seg oppover
mot Myrdals-sætra. Her vert det sal av pølser, kake, svele og kaffi (kontantar
eller vipps).
Denne sundagsturen kan
trygt tilrådast både til to- og firebeinte, til unge og eldre.
La vi glede trimgruppa med
ovstort frammøte denne dagen!
PS. Høver det ikkje med
ein mosjonstur gjennom Holemarka denne sundagen, men du kunne tenkt deg litt
kaffikos på sætra….Ja, så er det lov å køyre bil til og frå.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024