Kjell Magnar mellom favorittane
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Aug 2018
arkivfoto
Vi har tidlegare skrive at seks løparar vil representere Velledalen IL
under Skåla Opp. Same dag vil minst tre av våre utøvarar stå på startstreken
inne i «bygda», i løpet som er kring to kilometer lenger enn tidlegare.
Kjell Magnar Berli har
tidlegare hevda seg godt i dette løpet, som går i eit terreng han også trenar.
Truleg vil han bruke kring fire og ein halv time på løpet. Av lokale løparar
får nok vår mann hardast konkurranse av eidsdalingen Lars Åkernes Rimereit.
Elles fann vi namna Espen
Strøm Grebstad og Jan Rakottyai på lista. Jan deltok i 2017 og veit kva han går
til, Espen vert det ein kan kalle ein spanande start.
Av andre på deltakarlista
nemner vi Kim Andre Grøtting og Henning Osnes Teigene. Sistnemnde frå Emblem
IL, og identisk med fylkesleiaren i orientering, og med kone frå Ikornnes
Stranda kan også by på to
kortare variantar i helga, men det ser ut som det er lengste utgåva som fengjer
mest. Utsikta skal vere fenomenal vert det reklamert med, men i 2017 såg ingen
av deltakarane stort anna enn skodde og regn
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024