Prima start på O-hausten

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Aug 2018

-
   

 Dette var gøy, skriv o-leiar Pernille til nettsida
etter treninga på fjellet tysdag kveld.

Deltakinga kunne ikkje
anna enn glede alle o-hjarte. Høyr berre:

3 kom frå Emblem

5 frå Ikornnes

6 frå Stranda

6 frå Valldal

8 frå Aure

15 frå Velledalen

Deltakarane fekk servert to
løyper, ei ganske så lett, og ei langt meir krevjande. Somme, som Cecilie
naustenget og dottera Mariell, fullførte begge løypene.

Og for Velledalen IL vart
kvelden ekstra gild med fem nye medlemar.

Dette lovar god for
samlinga 1. september og kretsløpet 2.september!!