Høgsætra – trimposten du enno kan vinne

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Aug 2018

Trimposten det er lettast
å vinne er Høgsætra Fet. Slik har det vore i fleire år. Samla plar talet
noteringar vere nær det same som på Holetindane, men sistnemnde tur tek vesentleg
lenger tid.

Nettsida hadde ein meldar
på Høgsætra denne veka. Nærare bestemt 9.august klokka 19.50. Fælt mykje var
der ikkje å melde. Vi tek med topp-2:

9 turar: Alf Petter Bøe

3 turar: Ole Jostein Fet

Alf Petter Bøe vann posten
i 2017, og ser ut til å gjere det same i år. I alle høve har han tre gonger så
mange turar som nestemann på lista, Ole Jostein Fet. Sportsleg best kjend som
ein god barnealpinist i VIL på 1960-talet og ein drivande god midtstoppar på
VRF sitt A-lag gjennom det meste av 1970-talet.

Men Høgsætra Fet er
faktisk posten personar som enno ikkje har starta sesongen, glatt kan vinne.

Så sett i gang!