Minneord Oddmund Ingolf Skylstad

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Aug 2018

Oddmund Ingolf Skylstad
dreiv sjølv idrett i tre greiner for Velledalen IL; nemleg langrenn, fotball og
springing. Om vi reknar hesteskokasting, som var sterkt i vinden eitt drygt
tiår, vert talet fire.




 Oddmund var 16 år då
tyskarane invaderte Noreg. Ikkje lenge før, som 15-åring, hadde han delteke i
sitt fyrste bygda-meisterskap i langrenn. Arrangert av Sykkylven IL på
Sunndalen (Auresætra). Dit gjekk han på ski frå Hole, saman med kameratar:

 -
   
   
   







 Kva plass vi kom
på fekk vi aldri vite, då vi starta på heimturen medan vi enno var sveitte,
skriv Oddmund i eit idrettsminne der hendinga vert omtala.




 I etterkrigsåra hadde
Velledalen IL eit markert sportsleg oppsving. Mellom anna med eit sterkt
stafett-lag (springing), med opp til ti mann på laget. Her var Oddmund eit
sikkert kort, på eit godt lag etter sunnmørsk målestokk.




 I mesteparten av sitt
yrkesaktive liv var Oddmund dobbelt-arbeidande. I møbelindustrien og som
gardbrukar. På garden og elles i livet hadde han god hjelp av kona, Lovise, og
dei fire «drengane» Nils, Svein, Ove og Kai. Om Oddmund var aktiv fram til han
vart pensjonist, så var han minst like aktiv etter. Trimposten i Holemarka – og
fuglane i trea langs vegen – saknar nok stega hans. Sommar som vinter. Til fots
eller på ski. Heilt til siste åra var Oddmund fast på topp-5 lista. Også etter
passerte 90 år opererte han med tosifra turtal.




 Fyrste Konradløpet vart
arrangert i 2002 med start 05.00. Slett ikkje opplagt at ein kar som gjekk i
sitt 79. leveår ville vere med på noko slikt. Men jaudå, dette ville han! I
fylgje Lars Inge Sæther sin statistikk frå løpet, deltok Oddmund sju gonger. To
av desse gongane heldt han så høg fart at han fekk registrert tid. 41.10 i 2003
og 36.27 i 2004! Oddmund
   var ein
føregangsmann på superveteran-idrett i VIL. På ein måte den fyrste etter Konrad
Brunstad. Det er særdeles kjekt å kunne registrere at fleire tek etter. Kjellaug
Ulset, Paul Hole, Magnus Ødegård, Ingebjørg Hole, Magnhild Hole og John
Holmberg er alle eksempel på velledalingar over 80 år som har glede av
Konradløpet.




 Han tok òg løp som Fetvatnet
Rundt (8 km) på strak arm i høg alder. Ved ei rad VIL-arrangement, i åra
Oddmund var 80-88 år kunne ein lese: «Eldste deltakar var Oddmund Skylstad».




 Då Velledalen IL skulle
fylle 100 år (2006), bad vi folk levere idrettsminne frå farne tider. Mange
gjorde dette. Også Oddmund, då i sitt 83.leveår. Han brukte sin livslange
barndomskamerat, Ole L. Hole, som kvalitetssikring på eigen hugs. Så førte han
historia i penn. Tre tettskrivne sider med «vinterminne» og tre sider med «sommarminne».




 Oddmund var aktiv
fotball-spelar i yngre år. Etter det var han fast tilskodar på så godt som alle
VRF sine heimekampar, anten dei gjekk på Slettegjerde eller Dalemyra. Heilt fram
til seniorfotballen i VRF vart lagt ned hausten 2002.

 -
   
   
   







 Det var min aller
siste etappe, skriv Oddmund i sommarminnet sitt om ein stafett i Volda. Ein
stafett der han og Torleiv Hole var lånt ut til Sykkylven IL.


 Fredag 10.august 2018
gjorde han ankeretappen til den siste kvilestaden etter ei verdig markering i Sykkylven
kyrkje.




 Minna etter Oddmund er
ljose og takksemda stor!




 Idrettsvener i Velledalen
IL


 Atle Hole



 Idrettsminne

 vinter :

http://idrettslaget.velledalen.net/pers/38794/idrettsminne/IDRETTSMINNE%2010.pdf

 somar:

 h

 ttp://idrettslaget.velledalen.net/pers/38794/idrettsminne/IDRETTSMINNE%2011.pdf