8.august historisk for familien Nakken
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2018
arkivfoto
Siste løpet samla 58
fullførande utøvarar. 28 på 5 kilometer, 30 på 10 kilometer. Tre utøvarar frå
familien Nakken i Straumgjerde deltok i kortaste løpet, nemleg Svein Arne,
Sivert og Andreas. I tillegg deltok Frode Mauren frå Velledalen IL, og Stian og
Steffen Mork som representerer Blindheim IL
Tider 5 km:
17.45: Ludvik Markussen
Ytterdal, Ålesund (beste tid)
19.36: Frode Mauren,
Velledalen IL (vinnar 45-49 år)
20.56: Fridtjof
Fredriksen, Sykkylven IL (vinnar 50-54 år)
21.44: Stian Mork,
Blindheim IL (vinnar 35-39 år)
21.44: Andreas Mosby
Nakken, Velledalen IL (vinnar 14-15 år)
22.30: Svein Arne Nakken,
Velledalen IL, (nr to 50-54 år)
22.54: Sivert Mosby
Nakken, Velledalen IL, (nr to 14-15 år)
31.04: Steffen Mork,
Blindheim IL (M under 10 år)
-
Det var ikkje
berre det at han slo meg i dette løpet, han slo også bestetida mi i denne løypa
med to sekund, seier far Svein Arne Nakken, som er glad på Andreas signe vegne.
Svein fortel elles at han
hadde nærkontakt med Sivert under løpet, men greidde avverge at begge sønene
slo han samstundes. Men den dagen kjem nok ganske raskt – på korte distansar.
Distansen over ti
kilometer vart vunnen av Olger pedersen, Dimna IL, på fine 34.14. Audhild
Bakken Rognstad, som vann O-løp i Velledalen i vår, vart beste kvinne
på distansen med 41.25. Christina Muren vart
beste kvinne på 5 km med tida 27.43.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024