Her, her kommer Henning – del 2
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Aug 2018
Kva er Saudehornet Rett
Opp…? Jau det er eit motbakkeløp med start ved småbåthamna i Ørsta.
Altså ganske nær
null meter over havet. Så er løypa 5500 meter lang, med mål 1303 meter over
havet, på fjellet Saudehornet. Dette gav altså butikk-sjefen ved Nærbutikken i
Velledalen, Henning Tandstad, seg i kast med utan å stusse. I regnvêr og
skodde, i sleipe råser med rennande vatn.
Han heldt stort sett
fylgje med ein anna sykkylving, Ole Martin Korsnes. Ein som kjende vegen frå
før, om ikkje anna. Henning fullførte med glans, til arrangørtida 1.17.15, to
sekund bak tidlegare storspelar i fotball (også i Hundeidvik IL), Einar Arne
Roth. Ole Martin kom inn like bak Henning, på arrangørtida 1.17,24.
PS. Vi skriv «arrangørtid»
fordi alle utøvarane ser ut til å ha fått mellom 10-20 sekund for dårleg tid.
PS 2: Tredje bolk i
serien:»Her, her kommer Henning»! kjem truleg frå Nordfjord.
PS 3: Om nokon skulle vere
interessert i namnet på mannen som ligg føre Henning i løypa, så er det Wilfred
Krol frå Nederland i klasse 45-49 år. Vi kan nemne at Henning «bikka»
nederlendaren med to minutt og 15 sekund i siste del av løpet.
HURRA FOR NÆRBUTIKKEN SIN BUTIKKSJEF!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024