Trimposten i Riksheimdalen: Modne menn styrer!
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Aug 2018
arkivfoto
Riksheimdalen er ein
trimpost som kvart år hamnar på øvre halvdel når det gjeld registreringar.
Kring to månadar før sesongslutt hadde boka 960 signeringar.
Dei yngre er tydelegvis
sjanselause i toppen, på ei liste som vert toppa av ein tidlegare maratonløpar.
Bård Erstad på andreplass burde vere kjendis i det lokale idrettslivet, medan
Dagfinn Ostnes på fjerde plass er tidlegare klubbkjempe på Herd. Alle dei tre
nemnde modne menn – i 70-åra.
Topp-5 Riksheimdalen
4.august klokka 17.15:
238 turar: Ivar Arne Flo.
131 turar: Bård Per Erstad
– Bård er også trimpostvinnar samanlagt to gonger.
75 turar: Renathe Belinda
Riksheim Oldeide.
52 turar: Dagfinn Ostnes - har kjempa drabeleg mot Bård på fotballbana mange gonger.
50 turar: Hildegunn Eikemo
Flo – størst potensiale til å krype oppover på lista.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024