Saudehornet Opp: 60 NC-poeng til Kjell Magnar

    Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Aug 2018

    Forholda var ganske så tunge. Regn og skodde har ikkje akkurat vore
    årets sommarvêr, men i dag slo det til. Glatt og sleipt i deler av løypa.

    For Kjell Magnar Berli er slike løp mest for sprint å rekne. Han likar
    best løp som er vesentleg lenger, og der ein spring både oppover og nedover.
    Men han sette ny personleg bestetid i løpet med 58.32. Ei tid som også er ny
    sykkylvsrekord.

    Totalt vart Kjell Magnar nummer åtte i det fjerde løpet i Motbakkecupen
    2018. Som betyr 60 poeng. Siste løpet i cupen er Fanaråken Opp komande helg.

    Kjell Magnar fortel til VIL-Nett at han er godt nøgd med løpet.
     I tida framover vil all merksemd vere retta mot det
    store sesongmålet; Stranda Fjord Trail Race. Årets nasjonale motbakkecup har
    han ikkje satsa på, og det blir med dette eine av i alt fem løp i cupen.

    Dei beste i klasse 23-34
    år.

    1. Johan Bugge, Mosvik IL,
    50.25

    2. Lars Åkernes Rimereit,
    Eidsdal IL, 54.43

    3. Andreas Skylstad,
    Norangsdal IL, 55.13

    4. Aleksander De Lange
    Claussen, Jutul IL, 57.48

    5. Kjell Magnar Berli,
    Velledalen IL, 58.32

    6. Arve Rindal, Eid IL,
    59.44

    7. Magnus Svingheim, Team
    La Sportiva, 1.00.25

    8. Geir Steig, Luster IL,
    1.01.24

    19. Henning Tandstad,
    Velledalen IL, 1.17.15

    20. Ole Martin Korsnes, FK
    Sykkylven, 1.17.24

    Beste tid uansett klasse
    hadde vinnar av klasse M 20-22 år, Stian Øvergaard Aarvik frå Gneist IL med
    49.49.