Testa ut «Farm ninja challenge».

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Aug 2018

Fyrst var kvartetten
gjennom ei to kilometer lang skogsløype med hinder av ulike slag. Innandørs var
eit stort lagerbygg bygt om til ein eit avansert hinder-treningssenter. Kanskje
noko for Velledalen i Balanse i ei grend med mange eldre, ledige
fabrikk-bygningar…?

  -
   

 Mange øvingar såg
lette ut, men var krevjande utan rett teknikk. Andre hinder måtte ein vere tøff
i hovudet for å greie, heiter det frå «prøvekaninane» Ellen og Anders.

Nikolai Handle Jensen og
Anette Heimli Jokstad, som er dei to andre på fotoet, er meir røynde i faget.

PS. Legg elles merke til
at no har også Anette og Nikolai fått Velledalen IL sine løpstrøyer. Og enno
meir gledeleg; Anette er sakte, men sikkert på veg mot form etter brotskaden.