Radka sette klubbrekord i tøff løype
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jul 2018
arkivfoto
I løpet av få år har tre
kvinner skifta på klubbrekorden i heilmaraton (42 195 meter). Det opna med
Torild Hole i Roma for nokre år sidan. Så fylgde Christina Holmberg opp og
overtok rekorden, før Radka Vosicka sette kursen mot Sekken (nær Molde) den
14.juli.
Sekken er IKKJE staden ein
reiser til om ein vil setje rekord, då løypa der er rekna som særdeles tøff.
Bakkane er mange, både oppover og nedover. Maratonløypa på Sekken stig heile
800 høgdemeter, langt meir enn løyper flest. Men Radka reiste altså dit – og sette
rekord. Maratonrekorden for kvinner i Velledalen IL lyder no på 3.50.02.
Deltakinga på Sekken var
ikkje enorm, her er resultata frå 14.juli 2018.
Maraton kvinner:
1. Radka Vosicka,
Velledalen IL, 3.50.02
2. Sofia Kay, 3.54.07
Maraton menn:
1. Erik Fuglseth, 3.27.20
2. Ola Skage Sander,
3.35.49
3. Geir Haugen, 3.37.06
4. Paul Johan Undheim, 4.02.07
5. Jan Harry Holden, 4.16.16
6. Rune Sæter, 4.27.25
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024