Send sommarhelsing til VIL-Nett
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2018
Her kjem ei helsing frå Seiser Alm. Det er meget gode
treningsforhold i Dolomittene, og vi har til no slukt mange høgdemeter og lagt
ned mange treningstimar både til fots og på rulleski.
Vi bur på hotell med blant anna Kristia Parmakoski, som
tilsynelatande har same treningsopplegg som oss. Besteig Sasso
Piatto/Plattkofel (2995 moh) same dag, gått samstundes på rulleski og trent
styrke på hotellet samstundes, slik at vi fekk smugkike litt på nye øvingar for
kjernemuskulatur. Skiskytterjentene frå Tyskland budde også her dei første
dagane.
Det merkast godt både på puls og pust at vi trenar i høgda
(bur 1900 moh), så vi er sjølvsagt spente på korleis kroppen vil reagere på
dette. Kanskje møter vi den kjente "høgdesmellen"? Det er ingen tvil
om at det kostar meir enn vanleg å trene her.
Vi har møtt ein ung hardtsatsande skiskyttar på hotellet som
kunne fortelje at han målte laktat fleire gongar per økt for å vere sikker på
at han ikkje trente for hardt.
Om
han trente for hardt, var han redd heile sesongen ville ryke. Vi har ikkje målt
laktat, men er ganske sikker på at den grensa har vore passert. Vi satsar på at
VIL-utøvarar tøle høgdetrening betre enn norske skiløparar elles.
No gjenstår 2 dagar før heimreise, og treninsplanne ser om
lag slik ut:
Torsdag:
rolig formiddag/ økt på kvelden: rulleski (Anders) og løp (Ellen)
Fredag:
3.5t løp i fjellet + 1t rulleski (Anders)
Laurdag:
rolig luftetur før heimreise
Vi har heldigvis blitt godt fora på hotellet, med
5rettersmiddag kvar dag (6 på sundag).
Anders Wigdahl
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024