Test NM-løypa i Mefjellet opp 22. juli
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2018
Valldal IL vert 100 år i
2019. Som eit krydder på jubileumet har laget fått tildelt NM i motbakkeløp.
Eit arrangement som vil bli arrangert 22.juni (11 mnd til) og telje som
kvalifisering til EM i motbakkeløp seinare same år.
Mefjellet Opp har start i
Fjørå. Det er kring sju kilometerlangt med ei stigning på kring 1100
høgdemeter. Løps-underlaget er variert, med i hovudsak asfalt, skogsveg og sti.
Då VIL-Nett sjekka
påmeldinga torsdag morgon hadde 34 løparar meldt seg på. Men det vil kome
fleire. Ingen av dei 34 var VIL-løparar, men vi trur vi vert representerte.
Einaste sykkylvingane på lista torsdag morgon var Ole Martin Korsnes og Thomas
Dyb.
I 2017 vann Kilian Jornet
herreklassa (48.05) og Emilie Forsberg kvinneklassa (55.38)
Då hadde vi tre
sykkylvingar på lista med desse tidene:
1.07.44: Svein Arne Nakken
1.08.59: Ole Martin
Korsnes
1.13.38: Fridtjof
Fredriksen
Sidan den gongen har vi
fått Frode Mauren i tilgang frå Vegsund Racing. Han gjorde fine 1.04.11 i 2017.
Han kan truleg «tyne» seg ned mot timen om han stiller, då han har vist solid
sommarform både i Varden Opp og i Ålesund Sommarkarusell (10 km).
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024