Skogsvegen Drabløs: Tett som hagl bak Annlaug
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jul 2018
Ei lita luke til teten kan
tettast i dei fleste «idrettar», men det kan ikkje avstanden fram til Annlaug
Lervåg når det gjeld turar til trimposten i skogsvegen Drabløs. Med sine 175
turar i kveldinga den 17. juli, måtte VIL sin meldar vedgå at her, ja her var
det beint fram
avgjort!
Men kampen om plassane bak
Annlaug er beinhard. Og her er ikkje nivået høgare enn at nye namn kan blande
seg inn. VIL er svært glade for nye namn på topp-5 listene, og i skogsvegen
Drabløs helsar vi Randi K. Fiksdal velkomen.
Her er stoda, skogsvegen Drabløs tysdag 17.juli 2018 klokka 20.00:
175 turar: Annlaug Lervåg
36 turar: Randi K. Fiksdal
35 turar: Liv Skogvold
32 turar: Geir Olav
Drabløs
28 turar: Jens Birger
Lervåg
Like ved:
24 turar: Pernille Ibsen
Lervåg
22 turar: Grethe Ramstad
Fet
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024