Frode klassevinnar i sommarkarusellen
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jul 2018
Totalt samla løpet 36
fullførande deltakarar melder Kondis.
21 på ti kilometer, 15 på fem
kilometer. Velledalen IL var berre representert ved den nyaste tilveksten på
medlemssida, Frode Mauren. Og han sprang godt. Tida 40.34 (10 km) heldt til
6.plass totalt, og bestetid i klasse 45-49 år.
Elles merka vi oss at Stian Mork og Steffen Mork (Emblem IL) – far og
son – sprang fem kilometer. Stian noterte 20.31 (35-39 år) og Steffen 30.17
(under 10 år).
Dei beste tidene:
5 km herrar: Jan Endre
Rise, Hareid, 17.50
5 km kvinner: Åsta Brande,
Oslo, 26.32
10 km herrar: Aron Dyb,
Ålesund, 37.19
10 km kvinner: Anna
Drabløs, Ålesund, 45.37
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024