Går stadig betre for Pernille i O-VM

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jul 2018

Berre det å kvalifisere
seg til A-finalen i O-VM for veteranar er ein sterk prestasjon. Det greidde
Pernille både på sprint og mellomdistanse. Sist helg vart det 26 plass i
A-finalen i sprinten, som gjekk etter bykart i København, i dag 16-plass på
mellomdistanse. No står berre langdistanse att på programmet.

Finalen i dag vart vunnen
av svenske Emelie Eklöf på tida 32.22. Pernille fekk tida 37.21, og vart beste
utøvar frå nokon norsk klubb i klassa. Nydalen SK hadde med Christina Luis, som
vart nummer 25 på tida 40.59 og Lisa Næsholm som vart nummer 30 på 45.03.

Velledalen IL gratulerer
med eit sterkt finalløp, og ynskjer Pernille lukke til på langdistanse!