For minneboka – Del 1
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2018
Kjersheim og Drotninghaug
best i Null-løp
Det var stor oppslutning
om idrettsdagen på Dalemyra sist fredag. Om lag 100 personar deltok i dei ulike
øvingane på grus- og grasbana.
Utanom friidrettsøvingar
(idrettsmerkeprøver) kunne ein delta i fotball, stafett og «Null-løp». I «Null-løp»
gjeld det å halde same fart i to rundar gjennom same løypa. Resultatet vert
målt i avvik sekund mellom dei to rundane, og deltakarane bestemmer sjølve om
dei vil gå, jogge eller springe. I «Null-løpet fredag, som talde som
klubbmeisterskap for Velledalen IL, vart det delt 1.plass mellom Lovise
Drotninghaug og Anita Kjersheim. Begge hadde eit avvik på eitt sekund mellom
rundane – kvar på 600 meter
Resultat (dei beste)
1 sekund avvik: Lovise
Drotninghaug og Anita Kjersheim
2 sekund: Torhild Skogvold
5 sekund: Hedda Hjortdal
og Kenneth Fet
6 sekund: Sondre Brochman
Skylstad
7 sekund: Stine Urke
Brunstad, Hege Urke Brunstad og Bastian Weiberg-Aurdal
8 sekund: Mette Ulvestad og Kari Hjorthol
9 sekund: Leiv Arne Alnes
11 sekund: Karoline
Brunstad
12 sekund: Svein Hjorthol
14 sekund: Ingebjørg Hole
16 sekund: Paul Hole og
Håkon Kjersheim Brunstad
20 sekund: Ingjerd
Weiberg-Aurdal
22 sekund: Robin Urke
Brunstad, Una H Meldrum og Martha Bakken
24 sekund: Ole-Peder
Kristian Holmberg
25 sekund: Bengt Hole
Alnes, Gunnar Skogvold og Birte Urke
I fotball vart det siger
til jentene i idrettsskulen med 4-2 over mødrelaget, trass i at Hege Hjortdal
storspelte mellom stengene til mødrene. Mødrene var oppe på 2-2, men baska seg
trøytte mot slutten av kampen og leid nederlag. Fedrene tok revansje med 5-2 over gutane i
idrettsskulen. Her fekk Bengt Hole Alnes æra av å opne scoringane på sin eigen
far, Leiv, men det var einaste gongen dei unge, håpefulle var i leiinga.
Kveldens høgdepunkt var
likevel stafetten mellom idrettsskulelaget og foreldrelaget over 8x200 meter,
med fire deltakarar av kvart kjønn på kvart lag. Tendensen i stafetten var at
jentene drog frå mødrene, medan fedrene nesten henta inn det tapte. I mål skilde
det ein fattig meter i favær idrettsskulelaget då Gunnar Skogvold kryssa
mållina som ankermann. Ein populær siger! Foreldrelaget klør alt etter
revansje.
Og berre for å ha nemnt
det: Aldri før har så mange velledalingar, samstundes vore indisponerte med
gangsperre, strekkar og andre «småfeil» som i dagane etter denne idrettsdagen.
Ein mann i 50-åra, som ikkje hadde sprunge 60-meteren på meir enn ti år, enda
opp med dobbel lyskestrekk (begge sider) – men greidde likevel kravet !!
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024