Kanonløp av Radka i Hornindal
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2018
Forholda var gode i
Hornindal laurdag morgon då starten gjekk frå sentrum i Grodås klokka 08.00,
Rett nok hadde det akkurat passert ei regnbyge, men løypa var likevel tørrare
enn nokon gong før. Temperaturen var lavt tosifra (11-12 grader) og stort sett
overskya. Utover dagen kom sola fram utan at det vart generande varmt.
Radka opna bra og var
nummer 9 av kvinnene på fyrste målepunkt. Ved Kirkhornsætra hadde ho falle ned
til 13.plass. Men etter det gjekk det berre ein veg; FRAMOVER! Ved Horndøla bru
– om lag halvvegs – var ho nummer åtte. På alle målestasjonar etter dette låg
ho som nummer sju av kvinnene. Så også i mål, men ho avslutta sterkt og åt seg
kraftig innpå nummer fem og seks mot slutten. Faktisk mangla Radka berre eitt
minutt og 50 sekund på femte plassen.
Tida 14.02.12 er
sensasjonelt bra av ein debutant. Og ho avslutta så bra at ho var raskare enn
vinnaren på dei to siste strekka. Frå Kviven og inn til mål brukte damevinnaren
Ida Nilsson, Høgby IF, to timar og tolv minutt, medan Radka brukte to timar og
seks minutt.
Rått, Radka!
På distansen 38 km
gratulerer vi Bjørn Arve Brune frå Stranda med framifrå 3.plass i klasse 50-54
år med tida 6.24.39, og vår eigen Jan Rakottyai med 6.plass i klasse 35-39 år
med 9.25.48.
Alt tyder på at Christina
og Emma Holmberg vil føreføre ultraløpet på litt over døgnet, slik at
Velledalen IL har tre kvinner mellom dei 21 som fullfører distansen. Ingen
andre klubbar har så mange. Tøffe damer i VIL med andre ord!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024