Nærmar oss veteran–VM i orientering
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jun 2018

Mest alle idrettar
arrangerer meisterskap for veteranar. Velledalen IL har vore representert i
vintereidrett gjennom sin einaste aktive skihoppar siste åra, Jan Ringseth. Han
har til og med kome heim med medaljar.
Men i sommaridrett kjenner
ikkje VIL sin nestleiar til at laget har vore representerte tidlegare. Men i år
skjer det, og vi hadde mest sagt; sjølvsagt i orientering:
World Masters Orienteering
Championships heiter det på internasjonalt språk. Og det vert arrangert i
Danmark. Nærare bestemt i København i tidsrommet 6.-13.juli. Med konkurransar
både i sprint, mellom- og langdistanse.
Veteranalderen går ned til
35 år. I skrivande stund veit vi ikkje deltakartalet, men det er høøøøgt.
Masse, masse lukke til, Pernille!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024