Ikkje meldt inn «stunt» denne sommaren
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jun 2018
Sist sommar gjorde Svein
Arne Nakken eit trimpost-stunt. Han var innom alle postane på same dag, og han
gjekk/jogga/sykla mellom postane. Med ujamne mellomrom har det vore liknande
stunt, med personar som Nils Terje Skylstad, Kenneth Fet, Kjell Magnar Berli og
Christina Holmberg i hovudrollene. Elles
har systrene Emma og Christina Holmberg testa grensene sine både frå
sykkelsetet, på ski og beina. Og vi må ikkje gløyme Terje Aurdal som har lagt
bak seg Noreg på langs med ski, føtene og kano som transportmiddel.
Sommaren 2018 er det altså
ikkje meldt inn nye «stunt» til VIL-Nett.
Men 7.juli 2018 vert
Hornindal Rundt arrangert. I to versjonar. Kortversjonen på 38 km vert kalla
fjell-løp. Den lengste varianten på 75 km og med samla 5600 høgdemeter vert
kalla ultrløp. Her stiller Emma Holmberg, Christina Holmberg, Radka Vosicka og
Kjell Magnar Berli. Radka er debutant, dei tre andre har gjort det før.
Folk flest vil kalle dette
løpet for eit «stunt». Greitt nok at Kjell Magnar har gjort løpet på 10 timar
og 31 minutt – og har som mål å greie det ned mot ti timar denne gongen – men det
er langt, tungt og seigt. Kort sagt ein hard test av eigen viljestyrke før ein
har vore innom alle 20 kontrollpostane og kan smyge seg under målseglet i «Honndals-hallen».
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024