Sommaravslutning i Oslo-avdelinga
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jun 2018

Oslo-avdelinga i
Velledalen IL hadde sommaravslutning denne veka. Den starta med ei
intervall-økt på bane ved Norges Idrettshøgskole. Neste post på programmet var
felles kveldsmat ved Sognsvann. Heimebaka rundstykke med pålegg og
sjokolademjølk.
Hinderløparen vår, Anette
H. Jokstad, tok ei alternativ styrkeøkt. Mellom anna med 13 «hangups» som
resultat. Det er råsterkt, og vi vil tru det er klubbrekord for kvinner i
Velledalen IL.
Og som ei høveleg
sommerhelsing frå Oslo-avdelinga fylgjer eit foto av skadde Anette. Legg merke
til det flotte antrekket ho ber!
VIL-Nett takkar for
helsinga og ynskjer GOD SOMMAR tilbake til alle i Osloavdelinga – og velkomen
innom Velledalen i løpet av sommaren!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024