Gule velledalingar og tap mot topplaget

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jun 2018

Botnlaget FKS rauk mot
topplaget AaFK 2, og etter halvspelt serie står framleis





 bygda sine beste fotball-spelarar utan siger
i 4.divisjon. 1-2 tap mot topplaget er ikkje ille, men den manglande evna til å
avgjere jamne kampar i eigen favør gjennom heile vårsesongen er det.


 Det opna lovande for FK
Sykkylven mot AaFK 2 på Dalemyra. Alt etter fire minutt ekspederte Håkon Hunnes
Hansen ballen i nota. Men før laga gjekk til halvtid var kampen snudd etter
gjestemål av Vetle Fiskerstrand og Håvard Mork Breivik. Heimelaget «svara» med
eit gult kort til Bengt Hole Alnes mellom dei to bymåla.




 2.omgang vart mållaus,
slik at kampen enda 1-2. Men heimelaget vann om ikkje anna kortstatistikken 3-1
i andre omgang. At tidlegare VRF-spelarar likar fargen gult kan vere
forståeleg. Mot slutten av kampen fekk både Sondre Skylstad og Bendik Hole
Alnes sjå denne fargen av dommar Martin Javier Solheim frå Spjelkavik IL.
Tidlegare i 2.omgang leid Lars Kristian Ringdal Hjelset same lagnad.




 Serien er no halvspela.
FKS har spela 11 kampar. Ni av desse har enda med tap, to gonger har dei spela
uavgjort. Fem heimekampar har gitt eitt poeng, og seks bortekampar like mykje.
To poeng og dystre 12-30 i målprotokollen er laget sin inngang til
fotballferien.




 Her må det eit løft til om
plassen i divisjonen skal reddast!