Testa nivået på Nordmøre
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2018
arkivfoto
Nordmøre vil denne gongen
seie Sunndalsøra. 82 løparar fullførte i hovudløpet, men det fanst andre
alternativ som: barneløp, trimklasse med tidtaking og trimklasse utan
tidtaking. Totalt deltok langt over 200 personar vert det meldt.
Friidrettsleiaren i VIL,
Alf Petter Bøe, er i knallform for tida og tok ein ny klassesiger. Akkurat som
han gjorde i Varden Opp sist helg. Men denne gongen vart klassesigeren delt med
Bent Ivar Sæther, begge med tida 47.36. Sjuande beste tida totalt er dessutan
framifrå av ein kar som har bikka 50.
Ole-Peder deltok i klasse
21-30 år, og kunne vende heim til Sunnmøre med både t-skjorte og medalje etter
tida 1.11.50.
Vi tek med dei ti
skarpaste «knivane» i kaptein Dreyers Minneløp 2018:
39.42: Haben Brhane,
Strindheim IL, (21-30)
44.22: Lars Moholt, Rindal
IL (31-40)
45.16: Bersven Røkkum,
Kvass/Ulvungen
46.58: Torbjørn Oppigard,
Eikesdal Skiskyttarlag (16-20)
47.18: Are Uran, IL
Havørn, (41-50)
47.34: Øystein Klakegg
Thorsen, Øksendal IL (21-30)
47.36: Alf Petter Bøe,
Rindal IL (51-60)
47.36: Bent Ivar Sæther,
Hydro BIL, (51-60)
47.55: Jan Widar Brekke Storvik BIL (41-50)
48.44: August Riise, Sunndalsøra, (21-30)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024