Få tilbake sekundantane!
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2018
I tidlegare tider hadde
sekundantane ei viktig rolle i idretten. Hovudoppgåva var at dei skulle
fortelje utøvarane korleis stoda var tidsmessig. Ikkje alltid ei enkel oppgåve.
Og om dei såg utøvaren byrja bli lettare depressiv, var det sekundantane som
skulle syte for at livsgnisten kom tilbake. Rett og slett få fram smilet.
Tomasløpet hadde 15
utøvarar i konkurranseklassa. Dei aller fleste av desse dreiv massiv eigen-sekundering.
På fotoet i denne saka ser vi Svein Arne Nakken gjere det, mindre enn 200 meter
før mål. Svein tangerte eiga bestetid i løpet (21.53), sjølv om han så godt som
stoppa heilt opp for å sjekke klokka, før han sjalta ned og sette inn siste «magedraget»
inn mot mål.
Det store spørsmålet er:
Hadde Svein Arne Nakken sprunge raskare eller seinare med ein levande sekundant
i løypa….. Svaret ligg ikkje klart i dagen, men faktum er at det hadde blitt
langt trivelegare om kvar løpar hadde ein eigen sekundant som heia, oppmuntra
og sekunderte, enn om ei taus klokke skal gjere jobben.
Kanskje hadde til og med
somme av dei meldt seg som deltakarar i mosjonsklassa…?
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024