Flott treningsløp for o-løparane
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jun 2018
13 utøvarar, av desse tolv
born, deltok denne gongen. Ungane var ivrige, og alle tok minst to ulike løyper
(av i alt tre). Veret var denne gongen det somme vil kalle «ekte sunnmørsk
sommarvêr», med kring ti plussgrader og regn. Men som vi veit, o-løparar lar
seg ikkje skreme av litt fukt
Løypene var denne gongen
lagt etter sentrumskartet, i området Haugneset – Klokkehaug med start utanfor Berlihuset.
Mateusz Balon var den einaste vaksne løparen denne gongen, og han fullførte
lengste løypa med barnevogn!
På fotoet ser vi: Mikkel,
Malin Agathe, Nora, Martine og Ellen Johanne.
Foto: Merete Masdal
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024