SOMMARHELSING FRÅ IDRETTSSKULEN
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jun 2018
Vi har gjort mykje artig i år. Starta hausten
2017 med sykling. Ei enkel sykkel hinderløype og sykkelbana i Velledalen- det
enklaste er ofte det beste !
Og sjølsagt
ein sykkeltur til fet vatnet.
Vi har
også brukt mykje Trollskogen i Straumgjerde på sein hausten. Det var veldig
kjekt i mørkna, vi fikk god bruk for hodelyktene. Gjøyme og leite i mørkna var
spennande for både ungane og foreldre som var med. Marshmellows og pinnebrød
smakte godt i grillhytta når regnet øste ned.
Før jul hadde vi symjing med meg sjølv som
instruktør. Blei mykje leik i bassenge, og det var kjekt å sjå kor trygge
ungane blei på kort tid. Vi øvde en del på å flyte i stjerneformasjon,
beinspark og for dei eldste: dykking etter gjenstander.
Det blei desverre ikkje mange ganga på ski i
år. Tross kulde og hard snø. Ett par runda på dalemyra i Velledalen einaste. Vi
var derimot en del inne på grendahuset . "Gymleika"(kjente leika fra
gymmen frå skulen)
Innebandy blei en
innertier og falt i god smak med både små og store.
14.juni hadde vi avslutning. Då fekk vi testa
ut pumptrack bana på aure. Dette ga meirsmak for mange, og når vi i tillegg
slapp å bruke plaster så blir det nok fleire turar dit. Etter vi hadde fått
sykla i frå oss , tok vi turen på "strøket"og fikk pizza og is ,det
var heilt fortent.
Etter 2 år med idrettsskulen, for denne gang,
så gir eg "stafettpinnen"vidare. Vil takke VIL for tilliten, og
samarbeid. Og ikkje minst ungane som har vært med på idrettsskulen, samt
foreldre , ei glede å ha blitt kjent med dåkke.
God sommar!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024