Tomasløpet: Fjorårs-vinnaren stiller ikkje
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jun 2018
Dei tre skarpaste i
Tomasløpet 2017 var:
19.35: Per Inge Bjørnestad
19.57: Robert Sogge
20.00: Espen Strøm
Grebstad
Fjorårsvinnaren har alt
gitt melding om at han vert fråverande. Grunna kollisjon med Lerum Cup i
fotball i Sogn. Dermed er det duka for ny mann i toppen. Kven det blir nyttar
det ikkje spekulere så mykje i, då vi ikkje veit kven som stiller.
Tomasløpet vart ikkje
arrangert i 2016, men Marianne Fløttum vann kvinneklassa både i 2015 (25.18) og
i 2017 (25.01). Kan ho greie ein trippel…? I fjor fekk ho hardast konkurranse
av Gry Bakke Payling (25.22). Radka Vosicka kunne vore ein potensiell
vinnarkandidat, men ho stiller i eit fjellmaratonløp i Ørsta dagen før, og vil
i så fall vere kraftig indisponert dagen etter ei slik kraftprøve. Leitar vi i eigne rekker er Pernille Ibsen
Lervåg ein annan heit vinnarkandidat - om ho stiller.
Vårt råd er: Møt fram og
få med deg løpet «live», som det heiter no til dags. Det finst to alternativ:
Anten tidtaking med start frå Bunnpris, eller mosjonsklasse utan tidtaking. I
sistnemnde klasse kan til og med melde deg på i målområdet.
I 2017 samla løpet 43
mosjonistar og 17 løparar på tid. Slike tal er vi ikkje nøgde med. Om det styrt-regnar,
bør vi ha fleire enn 60 totalt.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024