Kake for Olaf onsdag klokka 11.00
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2018
Vi har før skrive om Olaf Einar Øien sitt dobbelt-jubileum.
31.mai vart han 75 år, og 9.juni sprang han Nibbeløpet
for 25.gong. Eller for å vere enno meir presis. Han har sprunge alle 25
Nibbeløpa som har vore arrangert. Ikkje skofta eit einaste år. Frå han
debuterte som 51-åring til han kom i mål for 25.gong som 75-åring. Ein
prestasjon dei som ikkje har sett løypa knapt kan fatte.
Slikt fortener kake og
kaffi i kafeavdelinga i Nærbutikken. Velledalen IL spanderer. Håper rett mange
kan kome og ta Olaf i handa denne dagen!
Team Bøe har lett trening
for alle som vil frå 10.00, og er på plass i kafeavdelinga frå 11.00.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024