13 lukketal for Roger
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jun 2018
13 var lukke-tal for Roger Malvin Hole i dag. Han gjorde nemleg sin
13.start i Birkebeinerløpet. Og det gjekk svært så bra for 1966-modellen. Roger
kom inn på 1.40.35 i klasse 50-54 år, der merke-tida var 1.48.30.
Det heldt til 78.plass i ei klasse der 322 utøvarar
fullførte. Vi nemner i same slengen at voldingen Bjørn Ole Vassbotn vart nummer
tre i klassa med tida 1.21.04.
Oda Alette Kjellsbøl Hole
representerte også Velledalen IL . Diverre fekk ho mageproblem, men skal ha
honnør for å fullføre. 2.17.16 vart tida til Oda. Sjølv om det ikkje vart merke
i dag er statistikken fin, fire merke på seks startar.
Bror til Oda, Oskar Johan,
gjorde det skarpt i klasse M16-17 år. Han kom inn til brillefin 9.plass på gode
1.26.29. Her er det berre å permittere Roger som ski-smørjar og satse på lange
løp, Oskar!
Elles nemner vi at
sunnmøringane gjorde det knallsterkt i klasse 60-64 år:
5. Torstein Hole, 1.33.40
9. Arild Bjørdal, 1.36.32
10. Geir Sandal, 1.37.56
Meld gjerne inn om du veit
om andre kompisar av VIL som deltok
(atlehole@online.no)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024