Fantastisk VIL-dag i Geiranger

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jun 2018

Olaf Einar Øien nådde
toppen av Dalsnibba etter fullført Nibbeløp også denne gongen – for 25. gong av
25 moglege for mannen som passerte 75 år 31.mai. Ein prestasjon han saman med
Ragnar Seljeseth frå Hornindal er åleine om å ha gjort.

Radka Vosicka vart fyrste
utøvar frå VIL som fullfører Nibbedobbelen – både sykkel og løp, like etter
kvarandre. Ho sykla til topps på 1.33.50. Så sykla ned att til fjorden og
sprang til toppen på 2.22.41. Rimeleg rått, og 35 minutt betre enn hennar
einaste kvinnelege utfordrar, Ann-Kristin Lien, IL Stjørdals-Blink. Og Radka
slo 14 av 20 startande karar under Nibbedobbelen, der ho var best frå Sunnmøre.

Kjell Magnar Berli viste
nok ein gong at han er i kanonform. Denne gongen kunne han lite gjere med
valldalingen Iver Matias Linge Glomnes. Men Kjell Magnar tok seg i mål på 1.
42.52, som gav 2.plass totalt i Nibbeløpet, og klassesiger i klasse 23-34 år.
Og han senka eiga bestetid med godt over to minutt. Sterkt!

Elles noterte fleire
VIL-utøvarar sterke sykkelprestasjonar, noko vi kjem tilbake til. Best her var
Espen Strøm Grebstad