Her har du han på «gaffelen», Karsten!
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jun 2018
FOTO: Liv Nordli Hole
Bislett Games vart ein minnerik
kveld i hovudstaden for nestleiaren i VIL. Folk kosa seg i solsteiken heilt til
stemneslutt klokka 22.00. Mykje flott idrett, sett frå rad 3, sete nummer 369 - like ved startstaden til 100 meter flatt og 100meter hekk for kvinner.
Og berre 5-6 meter frå der
Karsten Warholm susa forbi i sitt løp. Som ein ser av fotoet hadde han teten
105 meter før mål. Men han «fekk det» på oppløpssida og vart nok ein gong «slukt
av denne Samba, ein kar som hittil i sesongen står løpet ein smule betre enn
ulsteinvikaren – men det kan endre seg.
Takk Karsten for ein
magisk kveld!
Takk til alle
verdstjernene som bidrog!
Takk til dei som ordna meg
orkesterplass på tribuna!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024