Klubbmeteorolog Holmberg har sett litt på vêret
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jun 2018
Regnhungrige
bønder på Hole har ved fleire høve spurt klubbmeteorologen i VIL når regnet
kjem. Klubbmeteorologen har sommarferie frå 1. juni til 1. september og
har normalt ikkje varslar for denne perioden(I denne perioden er det mykje vanskelegare
å spå veret enn elles i året). I dette høvet vil han gjere eit unntak for
gode grannar.
Onsdag
13. juni og ei tid frametter kjem det regn frå nordvest, og vi får eit omslag i
veret. Kor lenge det varer, kan ikkje klubbmeteorologen seie noko om.
Eg
minner om at mai i 1947 var også rekordvarm for den som kjem i hug den
sommaren, og då var det varmt heile sommaren, spesielt i august.
Derimot
i 1889, som også hadde ein svært varm mai, vart det ein kald sommar. Time
will show.
Per-Gunnar
Holmberg
Klubbmeteorolog
VIL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024