Motbakkeløp i sterk varme er tøft
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jun 2018
Radka Vosicka var einaste deltakar frå Velledalen IL
under motbakkeløpet Blåfelden Opp laurdag 2.juni. Etter løpet sende ho denne
rapporten:
-
Startskotet gjekk og det vart full fart
framover. Sekken hoppa ekstra godt på ryggen. Det var steinen som låg i. I dag
måtte sekken vere 2,5 kilo, nemleg. Så kom det grusveg. Må gå forbi ein haug
med damer før det blir for seint. Bra! Plutseleg er vi i skogen og stien er
smal og bratt. Tempoet voldsomt, varmen høg. Oj, i år har alle trena mykje.
Ingen slepper taket og ingen slepp forbi. Berre tre gutar greier snike litt i
køa. Årets fyrste fluger har kome. Snuser på sveitte. Mykje sveitte! Det tikler
i fjeset og eg ser minst fem dropar som dett i støvet for kvart steg.
-
Eg er tørst, men kan ikkje drikke og puste
samtidig. Drikke må vente. Dette er hardt! Men no skal eg skrive rapport og sei
at dette var siste løpet! Frå no av skal eg vere mosjonist – eg skal kose meg.
Men ikkje i dag, ikkje endå.
-
Etter kvart kjem vi ut av den varme skogen og
høyrer heiinga frå toppen. Dei fyrste er allereie i mål…? Vi har framleis den
brattaste ura framfor oss – uff!!
-
Men endeleg er vi oppe. No er det berre å
springe på eggen bortover mot mål. To damer gjekk forbi i siste spurten.
Typisk. Endeleg mål. Medalje, drikke – ja takk! Endeleg kan vi sitje i sola og
få drikke og puste samtidig og sjå utsikta for fyrste gong. Utsikta var der
heile tida, men det var ikkje tid til å sjå på den. Nede er det bygdedagar med
nydeleg mat og kaker å glede seg til. Dagen er så deileg og varm. Alle kosar
seg og heiar løparane fram.
-
Det er berre å trene meir så vert dette bra.
Nei, vent litt! Skulle ikkje eg bli mosjonist no? Jaa…nei….tja. Det var vel ikkje
så ille, likevel då….?
Radka
Radka vart nummer sju av 25 kvinner i Blåfelden Opp, og
ho viste 26 av karane ryggen! Her er klassevinnarane på kvinnesida:
15-17 år: Emilie Flo Stavik, Stryn IL, 53.02
18-19 år: Reese Bendiksen, Noteam, 55.43
20-22 år: Anna Liv Aasen, Volda T&IL, 1.07.23
23-34 år: Johanna Åstrøm, Lucksta IF, 44.59 (beste
kvinne)
35-39 år: Merete Helgheim, Gloppen FIL, 52.52 – Radka nr
2 med 55.48
40-44
år: Therese Sjursen, Bergen løpeklubb 47.57
45-49
år: Ann Christin Korsedal, Fjell og sykkelservice Skodje, 1.11.28
50-54
år: Aud Oddveig Nygård, Syvde IL, 1.13.49
55-59
år: Sølvi Midtbø, Syvde IL, 1.12.16
65-69
år: Liv Berge, Åheim IL, 1.19.23
Komande helg står Nibbedobbelen for tur for Radka – ei utfordring
det luktar svidd av!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024