Tre veker att til Tomasløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jun 2018

Tomasløpet – namn etter
Tomas Tandstad - er motbakkeløpet i Straumgjerde som tidlegare heitte «Opp på
Bruna». Dette er i fyrste omgang ei påminning om datoen (24.juni), og meir
informasjon vil kome. Men vi kan stadfeste at det vert som før: ei
konkurranseklasse med fellesstart på tid, og ei trimklasse fri for tidtaking.
Målet er at rett mange
skal gå motbakkar denne dagen. Vi ser føre oss ei skikkeleg stor samanstimling
av menneske i målområdet når konkurranseløparane kjem hæseblæsande. Vi håper på
minst 100 mosjonistar, og eit samla deltakartal ein stad mellom 100-200.
Merk deg datoen, du er
velkomen som deltakar – uansett fart!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024