GRATULERER, Olaf Einar!

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jun 2018

Det kan fort gjort bli
feiring to helgar på rappen for Olaf. 75 år den 31.mai, og ni dagar seinare
stiller han i Nibbeløpet i Geiranger. I sitt løp nummer 25 av 25 mulege. Berre
han og Ragnar Seljeset frå Hornindal har den bragda på rullebladet om dei
greier løpet den 9.juni.

Vi har skrive om det før,
men slike prestasjonar må fram att i lyset når dei er nært føreståande. Tenk
Olaf hadde passert 50 år då han deltok i sitt fyrste Nibbeløp. «Galskap», sa
mange den gongen! Om løpet som starta nede ved fjorden i Geiranger og hadde
målgang på toppen av Dalsnibba (1500 meter over havet). Ein skulle tru Olaf
hadde fått nok etter åtte-ni løp og alderen skreid mot 60 år. Men neidå, Olaf har
ikkje skofta eit einaste år, han! Torsdag 31.mai vart han 75 år, laurdag 9.juni
legg han ut på Nibbeløp nummer 25 av 25 mulege!

Gratulerer med overstått
75
 års
dag, Olaf! Lagkameratar og sympatisørar i Velledalen IL er utruleg stolte av
deg.

PS. Vi skal gjere ekstra stas på deg og kona i Nærbutikken si
kafeavdeling med gode kaker når Nibbeløp nummer 25 er overstått!