Birkebeinerløpet: Tre påmelde frå VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mai 2018
Birkebeinerløpet vert i år
arrangert for 21.gong. Løypa er 21 kilometer (halvmaraton) og går i fint
skogsterreng på variert underlag.
Løpet har start på Birkebeiner
skistadion og målgang ved Håkons Hall, Lillehammer
Påmeldingslista syner tre
påmelde frå Velledalen IL:
20-24 år: Oda Alette
Kjellsbøl Hole – start 12.00
50-54 år: Roger Malvin
Hole – start 11.50
55-59 år: Torild Hole - start 13.15
Mest rutine i løpet av
denne trioen sit Roger på, med sin 13.start. Måtte talet bringe lukke.
Oda Alette kan feire eit
minijubileum med sin femte start, medan Torild er debutant
VIL-troppen kan bli større før startskotet
smell, men dette er stoda tolv dagar før start
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024